Eg trur mormor og morfar har verdens fineste hage. Guro og eg var aleine hjemme og blei invitert på søndagsmiddag til mormor og morfar. Eg like meg der, dei har så mange detaljer at eg oppdage noke nytt kvar gong eg er der. Sånn som terakottapottene som står på rekke under terassen. Og eg tenker at nå, nå må sommeren snart komme, for det er juni og eg har ennå ikkje tatt mitt første bad utendørs ennå. Men i stedet for tar me hoppebilder, smugkikker i drivhuset til morfar og leser ukeblad på terassen. Og nokon gonger føles det ut som alt har krympa, som om alt har blitt putta inn i ein enorm vaskemaskin og vaska på for høg temeratur. Men egentlig er det berre me som har vokst. Før kunne eg sitte å dingle med beina fra terassen og den er cirka tjue centimeter på det lågeste, femti på det høgaste.
Og eg seier at eg gleder meg til sommeren, selv om sommeren er her, og det føles ikkje sånn ut. Fordi då tek morfar fiskegarn, eller not over ripsbuskene og vi kan springe under å gjemme oss og smugspise rips slik vi gjorde før, når vi var små.
Og når me kjører hjem så står mormor og morfar i døra og vinker og smiler, mens eg ser meg ikkje godt nok for og rygger over ein plante i blomsterbedet. Og eg tenker at nesten ingenting slår dette.




Eg hopper ikkje frå taket, men det ser berre sånn ut



Ute på kvite sokker