Eg blir alltid sjuk i ferien. Då er kroppen fri frå alt mas og stress og press. Eg har tid til å vere sjuk i ferien. Derfor blir eg sjuk. Heldigvis har eg ikkje noko alvorleg no. Berre litt mykje forkjølt. Med alt det måtte innebere. Som foreksempel dottar i øyrene, som eg måtte til legekontoret for å fikse. (Dette treng eg verkeleg ikkje forklare i detalj) Men stemmen er i alle fall halvvegs på plass. Eller halvvegs borte. Det er alt etter som du ser på det. Eg høyres litt skral ut, men det er ikkje så gale som det høyres ut. Så lenge eg ikkje får hals-, øyre-, eller lungebetennelse er eg fornøyd! Og då er jo det ikkje så gale.
Forresten så laga bilen min ein merkeleg lyd i går, når eg skulle kjøyre. Motoren bråka noko fælt. Eg kan kanskje virke som ein nybegynner når det gjeld motorar, men eg veit ialle fall at dei ikkje skal lage den lyden. Etter at far såg på det, viste det seg at stonga du held oppe pansaret med, når du tek opp pansaret, låg ikkje i det hakket det skulle, men låg og virbrerte under pansaret, og laga lyd. Flaks det ikkje var noko alvorleg, som for eksempel at burta hadde hengt seg opp igjen. ;)
torsdag, desember 22, 2005
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Stakkars deg då! Men håpe uansett at du hadde ein kjempe fin jul:) Og TUSEN TAKK for bildet, kossen viste du at eg ønska meg akkurat d;) D va kjempe fint! Ha ein fortsatt fin ferie, klem!
lura på koss eg visste det, ja. eg er synsk. eller ikkje. takk for gaven frå deg og. eg hadde det på meg i dag;)
Legg inn en kommentar